Morgonstev av Gustav N. Rasmussen
MORGONSTEV 1726
SO SIT EG HER OG DRØYMER,
VED MITT VELBRUKTE KJØKENBORD.
SER FRAM MOT DET NYE ÅRET,
OG GRUBLAR PÅ «DAGENS ORD.»
SPÅMANN DET ER EG IKKJE,
OG VIL IKKJE VERA DET HELL’.
MEN TRU OG VONA KAN EG,
AT NOKO KAN KOMA PÅ STELL.
AT VÆRDA KAN FÅ DET BEDRE,
AT DET KAN VERTA LITT MEIRE FRED.
( SJØLVSAGT SO ER EG NAIVE,
MEN DET ER DEN VONA EG HEV.)
OG SO VIL EG VONA AT JENS’EN,
SET TING PÅ SIN RETTE PLASS.
AT SJUKEHEIMAR VERT BYGDE,
( FOR ELLES SO GÅR DA I DASS.)
OG AT SJUKEHUS OG SKULAR
SLEPP Å STREVA MED
PENGAR TIL DET SOM ER VIKTIG.
DÅ TRUR EG AT JENS OG FÅR FRED
OG SO VIL EG UT Å FISKA,
LITT MEIR ENN EG GJORDE I FJOR.
MEN DET KJEME IKKJE PÅ TALE,
Å KJØPA MEG JOGGE SKO’R
TIL SLUTT VIL EG VONA AT ALLE,
FÅR LEVA OG VERA FRISK.
EG SJØLV SKAL LOVA FOR ÅRET
FORTSATT Å SKRIVA «DIKT» ?
SO HA EIT FAGNA NYTTÅR
MÅ DET GÅ OSS ALLE GODT.
EIT KLAPP PÅ SKULDRA MED ORDA:
«DET DU GJERE ER JAGGU FLOTT.
Ha eit fint år.
MORGONSTEV 1725
Ha takk for det gamle og «slitne» år,
som no ut av bakdøra krokryggja går.
Ha takk for det gamle som no takkar av
men mykje godt det også gav.
Og mykje trist,men livet er slik
» godt og vondt for fatig og rik»
Men vona den har me kvart einaste år,
når me på tersklen til det nye står.
Ein kikk over skuldra til det gamle me ser, og so ser me fram, mot det nye me ler.
Og vonar på ny som me alltid gjer
at det nye gjev framgang, for værda gjev fred.
Framgang og fred for jorda ei stund,
for menneske ætta, eit lite » sekund »
GODT NYTT ÅR!!!!!!
MORGONSTEV 1724
Det snøar i Jerusalem,
i Bergen by er regn.
No sit eg her og undrar,
er dette her eit tegn?
i føri dagar, netter
det regna på Noah’s tid.
So gjekk han ut av arka,
og planta raude vin.
I Bergen by det regna
i seksti døgn omtrent,
No sit eg her og undrar,
kva Friele no har tenkt.
Vil han vandra ut av «arka»
og planta kaffi tre.
Og attpå verna «Børs’en»
kva tenkjer han om det?
Og kven skal byggja «arka»
og kva slags folk og fe,
skal gå ombord i «båten»
Har friele tenkt på det?
Når FSF er lagt ned,
det same HSD.
Nei;- det vert nok «gamle Beffen»
som lyte klara det.
Ha ein regnfri dag.
MORGONSTEV 1723
Kor e’ stjernestrødd himmel og vinter brauta,
no e’ da våte bakkar og «sokkebløyta».
Kor e’ vintersola og skispor i snøen,
no e’ da berre den søkkvåte bøen.
Kor e’ fullmåneskin ein vinter kveld,
her e’ da berre skodda og regn.
Snøklokkene mine dei spirer i hagen,
i skodda og striregnet heile dagen.
Kor e’ kjelken henne og vintergleda,
kor e’ kuldegrader og vinterkleda.
Raude kinn og ein glade kropp,
romjulsdraumen og ein kakaokopp?
Eg undrar meg litt her i morgonstunda,
med lyset på bordet eg sit og grunda.
Ute er mørkt;- ja eg berre spør,
det er romjul no og ikkje spor av snø.
MORGONSTEV 1722
No går det mot lysare tider,
sola «snudde» igår.
No går det mot dagane varme,
no går det snart mot vår.
Du store tid for ei gleda,
det lysare vert i vårt land.
Snart ser eg kvitveisen spira,
eg gler meg over all forstand.
Men fyrst skal jula feirast,
med pakkar og jubel song.
Og pinnakjøt og ribba,
og kansje julatregong.
Så om det endå er mørke,
eg kjenner at gleda set spor.
So ha ei god jul då alle,
god jul til liten og stor.
God jul til deg som les «dikta»,
kvart bidige morgonbel.
God jul til deg og dine,
eg ynskjer Dykk alle alt vel.
GOD JUL ALLESAMAN I FRED OG RO!!!
MORGONSTEV 1721
På høgfjellet inne på vidda,
vart den fiska med garn eller stang
Raudrosa,fast i kjøtet,
så byrja prosessen so lang.
Liggjande ned i «butten»
med akkurat nok med salt.
Jamn temperatur er tingen,
so ingenting skulle gå galt.
Litt mistenkeleg er jo lukta,
men so ligge den på min tallerk.
med ein smak som himmelsk manna,
Rakauren;- verda’s åttande underverk.
Litt lauk på lefsa eller flatbrød,
skikkeleg smør må til.
So rakaure i dryge mengder,
eg et og vert yr og vill.
Mjuk so den nesten liknar,
når du tek på eit kvinne bryst.
Smak av fjell og vidde,
ein fjellbekk når du vert tyrst.
Rakaure, høgt er du elska,
men «hata» av nokre få.
Som ingen forstand har på lukka,
som ikkje gleda kan nå.
Eg åt dette «førre» kvelden,
lukka sit endå i.
«Herren» velsigne mitt vertskap,
som kjende si besøkelse’s tid.
Dei visste godt kva dei gjorde,
som oppfant denne rett.
For rakaure serverar «vårherre»
på store gullgyldte brett.
Ha ein smaksrik dag.
MORGONSTEV 1720
På høgfjellet inne på vidda,
vart den fiska med garn eller stang
Raudrosa,fast i kjøtet,
så byrja prosessen so lang.
Liggjande ned i «butten»
med akkurat nok med salt.
Jamn temperatur er tingen,
so ingenting skulle gå galt.
Litt mistenkeleg er jo lukta,
men so ligge den på min tallerk.
med ein smak som himmelsk manna,
Rakauren;- verda’s åttande underverk.
Litt lauk på lefsa eller flatbrød,
skikkeleg smør må til.
So rakaure i dryge mengder,
eg et og vert yr og vill.
Mjuk so den nesten liknar,
når du tek på eit kvinne bryst.
Smak av fjell og vidde,
ein fjellbekk når du vert tyrst.
Rakaure, høgt er du elska,
men «hata» av nokre få.
Som ingen forstand har på lukka,
som ikkje gleda kan nå.
Eg åt dette «førre» kvelden,
lukka sit endå i.
«Herren» velsigne mitt vertskap,
som kjende si besøkelse’s tid.
Dei visste godt kva dei gjorde,
som oppfant denne rett.
For rakaure serverar «vårherre»
på store gullgyldte brett.
Ha ein smaksrik dag.
MORGONSTEV 1719
Det er lys ifrå kvart eit vindu,
i denne myrke kveld.
Det er lys ifrå kvart eit hjarta,
og lys i hender som held.
Dei vil at lysa skal brenna,
og lysa opp bygd og by.
I heile den vide værda,
slik at den verte lys og ny.
Dei sa at englar song songen,
ut i ein ørken av sand.
Då ein liten gut kom til værda,
i ein stall i eit framandt land.
Det var ikkje plass til ein snikkar,
men han ordna til ei seng.
I ein stall til kåno som var ventand’
der ho fødde sin vesle «dreng»
Og songen på marka tona,
frå englar og gjetarar små.
Og sauer og geiter beita,
på turre og strie strå.
Tre kongar frå Austerlanda,
kom ridande rad i rad.
med gull i strie straumar,
(som kunne gjera oss alle glad.)
Og dette sku’ endra soga,
i heile den vide værd.
Der kloden vår svive i rømda,
på si æveleg lange færd.
So derfor skal lysa brenna,
men aldri få brenna ut.
Det er vona om dei som vert fødde,
om det er ei jenta eller ein gut.
For desse er framtidsvona,
for alle og kvar og ein.
Som lysa i hendene helde,
no i myrkaste natta sein.
La desse lysa få brenna
og vera vår framtids veg
Slika at jorda er staden å leva
for alle,- for deg og meg.
So derfor kan guten i stallen,
vera symbolet på
At mennesket rundt i værda
har ein tryggare veg å gå.
Ja dette er julekveldsvona,
at me skal finna oss att.
Å leva i fred på jorda
som er større enn ein «myrraskatt».